Hytte på Setra
Nyopppussa seterhytte på 50 kvm og soveplass til 6 personar. Her kan du nyte fred og ro midt mellom spisse fjell i Sunnmørsalpane.
Hytta har solcellepanel for lys og lading av mobil og data. Vatn hentar ein i bekken rett ved (eventuelt kan ein få med vassdunk frå garden). Det er soveplass til 6 pers, soverom 1 har dobbeltseng, soverom 2 har køyeseng og på hemsen er det plass til 2. Kjøkkenet er utstyrt med komfyr og kjøleskap som går på gass. Det er eit lite toalettrom inne i hytta med urinal, samt utedo i uthus rett ved. Oppvarming med vedovn og ekstra ved i uthuset.
Sengkle må ein ta med, og ved avreise skal ein vaske ut av hytta og ta med søppel. Sengkle, handuk og utvask kan kjøpes i tillegg.
Ein roleg gåtur på ca 30 min langs seterveg tek deg inn til to vatn på Rognestøylen, der kan ein ta eit bad eller disponerer båt. Tilkomst til hytten skjer på privat grusvei ca. 15 min kjøring (3,8 km) fra fylkesveien 655 på Rekkedal.