Lokal lunsj
Nyt ein 4-retters lokal lunsj i eit unikt historisk miljø
Bli med til Rekkedal Gjestegard, ein plass med historie heilt tilbake til 1500-talet. Her vert du møtt av vertskapet, som fortel deg historia om garden og området.
Ta ein rusletur rundt i det vakre tunet før du blir servert ein smakfull 4-retters lokal lunsj i eitt av våre unike lokale.
Opplev historia på nært hald og nyt ein minnerik lunsj i eit miljø som oser av tradisjon og ro.
Frå juni til ut august tilbyr vi lokal lunsj kvar tysdag og torsdag, med førehandsbestilling. Resten av året tek vi gjerne imot førespurnader og skreddarsyr besøket etter avtale.
Lunsjen vert servert som tallerkenrett eller buffet. Alle rettane er lokalprodusert og vert forklart av vertskapet.
Inkludert
4 ulike rettar med fisk, hjort, kjøtt, ost og dessert + salat og brød. Historie om tilverking av rettane.
Lunsjen må førehandsbestillast og kan kobinnerast med leik på tunet eller kultur-rusling.