Kultur-rusling

Bli med på ei kulturoppleving mellom bratte fjell, og nyt ei lokal matoppleving

Ta turen til Rekkedal Gjestegard, med ei historie tilbake til 1500-tallet.

Her vil du kjenne på den rolege atmosfæren, og saman med vertskapet får du oppleva ein tur fylt med kultur og tradisjon. Vi skreddersyr eit besøk som gir deg både innsikt i den lokale historia og ei smaksoppleving av den tradisjonelle maten frå området.

La oss ta deg med på ei reise gjennom tid og smak, midt i den vakre naturen rundt Rekkedal Gjestegard.

Den lokale lunsje vert servert på setra, i hagen på Rekkedal eller inne i eit av husa. Alt etter veret og kva som passar gruppa.

Inkludert

Vandring ilag med vertskapet. Natur- og lokalhistorie.
4-retters lokal lunsj og drikke.

Lunsjen må førehandsbestillast.
Ta på gode kle og sko til å rusle i.

Garden har ei historie tilbake til år 500, yngre jernalder. Arkeologiske funn, blant anna mosaikkperler, er gravd fram rett bak Gamlestova, og ligg no på Bergen museum.